Stille Stunder er det nest eldste nynorske bladet som framleis kjem ut. Det kristelege oppbyggingsbladet vart skipa i 1889 – to år etter Norsk Barneblad.

Stille Stunder vart grunnlagt av Volda-presten Johannes Barstad, og han redigerte det i over førti år. Oppstarten var grunna særleg i omsynet til den landsmålsinteresserte ungdomen, som Barstad meinte tok skade på sjela ved å lese radikale skrifter på nynorsk.

I 1880-åra var det stor skepsis til målsaka i vide krinsar, men Stille Stunder braut ned motstanden hos mange kyrkje- og bedehusfolk. Barstad knytte til seg både teologar og leke kristenleiarar i bladarbeidet, og dermed lærte etter kvart også konservative truande at landsmålet ikkje trong vere «ugudeleg».

Frå 1908 til 1927 var Stille Stunder vekeblad. Både før og etter kom det lenge kvar fjortande dag. Tingartalet har veksla gjennom tidene og nådde ein topp på 4000 i 1920-åra. Oslo kristelege landsungdomslag var utgivar frå 1936, og i perioden 1957—2012 var det Kyrkjenemndi i Bergen som gav ut bladet. Frå 2012 er bladet drive av Foreininga Stille Stunder.

Tidlegare sokneprest Ivar Molde på Voss har vore bladstyrar sidan 2004. Stille Stunder kjem no med seks nummer i året, og i 2009 hadde det ca. 1200 tingarar, men opplevde ein auke og hadde i januar 2014 omlag 2400 tingarar. Ved inngangen til 2024 var tingartalet rundt 3370.

Nyeste kommentarer

04.11 | 11:29

Fint om du går inn på "Bestill bladet" i menyen og vidare til skjemaet for bestilling dersom du vil tinge bladet.

Del denne siden